abonner på rss

Raud siger ved skulevalet!

Postet av Gerd den 15. september 2009

Det var skuleval på Nordmøre Folkehøgskule veka før stortingsvalet. Elevane fekk velje eit parti å fordjupe seg i og dagen etterpå var det debatt. Etter debatten stemte elevane på dei ulike partia. SV gjekk av med sigeren med AP like etter.

Av Silje Huseklepp (tekst) og Anette Hovelsen Aaker (foto)

Engasjementet var stort under paneldebatten

Engasjementet var stort under paneldebatten

Tysdag blei elevane delte inn i grupper etter kva parti dei ville lære meir om. Det var lærerikt for dei fleste, og nokre av elevane fekk ei interesse for politikk som dei ikkje hadde hatt før.
Onsdag var det debatt mellom partia. Kvart parti hadde to representantar som måtte stille i eit panel. Stemninga var høg under paneldebatten, og “politikarane” diskuterte ivrig med kvarandre. Publikum kom også med sine spørsmål og argument og sette paneldeltakarane på prøve.
Dette var ein fin måte for elevane å lære meir om politikk, sidan dei politiske partia ikkje kom til Nordmøre Folkehøgskule i år.  Alle elevane viste stort engasjement, så skulevalet var svært vellukka!
Både gode og morsomme innlegg frå paneldeltakarane

Både gode og morsomme innlegg frå paneldeltakarane

Resultatet frå skulevalet 2009:
SV 32,3 -  AP 26,2 – SP 12,3 – Raudt 4,6 – V 4,6 – FRP 4,6 – Kystpartiet 4,6 – H 3,1 – KrF 3,1.

Kommentarer er ikke tillatt.

 

Webløsning av justdesign.no         grafisk profil av Amfi Kreativ as         motorisert av Wordpress
Nyheter på RSS and Kommentarer på RSS.